februar, 2023

08feb20.0022.00Forfattar og musikar Anders Totland kjem!BOKKAFÉ20.00 - 22.00 Kategori:Bokkafé,Vitenkafé

Event detaljer

«Til jord skal du bli»

Den nyaste romanen, «Til jord skal du bli», blei i haust riven ut av butikkhyllene, utan å ha fått ei einaste bokmelding i pressa – og klatra rett inn på bestseljarlista. Som om ikkje det var nok, skal boka no bli film!
«Ein tøysethriller» kallar forfattaren boka, men det er òg eit alvor der. «Til jord skal du bli» er utan tvil ei julehistorie og ein roman utanom det vanlege. Her er det snø, julegåver, juletre og julepynt, men også gangsterar, forsømte barn, drap, blod og gørr.
Den pensjonerte presten Jacob Juul får litt for mykje i hendene denne førjulstida. På få dagar går han frå å vera pensjonert prest som røktar bier og brenn sprit i uthuset, til å bli både bestefar, enkemann og mordar. Korleis skal han redda seg sjølv og vesle Isabelle Donnatina frå gangsterane, og kva i all verda skal han gjera med den daude torpedoen i uthuset?
Heldigvis har han gode kontaktar, og ikkje minst hjelper det at bestekameraten er lensmann. Det er uansett duka for alvorlege forviklingar.
Bokbloggar Kjell Magne Gjøsæter har gjeve «Til jord skal du bli» seksar på terningen, og skriv: «Den er morosam, hjartevarm og sjarmerande på ein sjuk, sjuk måte. Anders Totland har skapt eit strålande univers med ein sjarmoffensiv av karakterar. Dette er ei bok som vil treffe eit bredt spekter av lesarar. Eg kan ikkje anna enn å la meg bli trollbunden av den vanvitige historia. Les den. Du vil ikkje angre.»
Anders Totland har på sju år gjeve ut ein drøss med bøker i mange sjangrar og for alle aldrar. Han har skrive faktabøker for barn, kokebok, dokumentarbok om folkeopprøret mot vindkraft, ungdomsromanar, vaksenromanar og no også «tøysethriller».
Ein kveld med Totland er ein kveld i livet du aldri får igjen – men det kjem du neppe til å angra på. Som Stavanger Aftenblad skreiv då «Til jord skal du bli» endeleg fekk si første bokmelding rett før jul: «Det finnes verre tidsfordriv.»
PS: Forfattaren har varsla at det blir trekning av både himmelsk honning og eksklusive Til jord skal du bli-trøyer etter arrangementet.

Gratis inngang!

Reserver bord her

Legg igjen en kommentar

X